Nybegynnarkurs

Kurs 2020 – PÅMELDINGFRIST 20.FEBRUAR

Besøk i bigarden, eit viktig element i kurset.

OPPSTART FOR KURSET ER DESSVERRE UTSATT PGA KORONA KRISEN. VI ØNSKER SELVSAGT Å GJENNOMFØRE KURSET OG JOBBER MED EN ALTERNATIV LØSNING FOR TEORIUNDERVISNINGEN. INFORMASJON TIL PÅMELDTE DELTAGERE VIL BLI SENDT UT NÅR VI VET HVORDAN DETTE VIL BLI GJENNOMFØRT.

VURDERING VIL BLI GJORT UNDERVEIS HVORDAN VI LØSER GJENNOMFØRING FOR DE PRAKTISKE ØVELSENE.

Bier er ein viktig del av det økologiske mangfaldet i naturen. Ved å delta på kurs vil du tilegna deg kunnskap om biene sitt liv og si utvikling. Birøkt er ein spanande hobby, og me håpar du vil oppleva glede og fascinasjon av samspelet som skjer mellom biene og naturen. Du vil læra om driftsteknikk, sjukdom og førebyggande tiltak, og kva reglar du som birøktar må forhalde deg til.

Nybegynnarkurset er eit viktig fyrste skritt på vegen til denne kunnskapen, enten du ynskjer å starta opp sjølv, eller berre vil ha meir kunnskap om kva som foregår i ein bikube. Me i Bergenske Birøkterlag er difor glade for den enorme interessa som har oppstått rundt bier og birøkt dei siste åra. Det er fullteikna kurs over heile landet!

Kurset går over 8 kveldar. Kvart treff varer i ca. 3 timar. Me fokuserar på det praktiske, men dei to fyrste kurskveldane vert innandørs, med grunnleggande teori.

Kursdatoer: Teorikvelder 

Gruppe 1 Onsdagene 18. mars og 1. april UTSATT

Gruppe 2 Torsdagene 19. mars og  2. april UTSATT

Praktisk øving: Kursdeltagerne vil bli oppdelt i to grupper på mandager og onsdager. Der kan en bytte ukedag seg imellom. Planlagte datoer for praktisk øving: 

(Gruppe 1 Onsdager 29.4, 20.5, 17.6, 19.8 og 16.9) EVENTUELLE NYE DATOER VIL BLI ANNONSERT

(Gruppe 2 Mandager 4.5, 25.5, 22.6, 24.8 og 21.9) EVENTUELLE NYE DATOER VIL BLI ANNONSERT

Siste kurskveld 

Gruppe 1 Onsdag 25. november

Gruppe 2 Torsdag 26. november

Birøkt er ekstremt vêravhengig. Me går ikkje ned i kubane om det er regn, eller under 10 grader. Ver difor merksame på at kursdatoane kan endre seg. Det er kun dei to fyrste teorikveldane som er heilt sikre. Me fylgjer godt med på vêrmeldinga, og seier frå i så god tid på førehand som råd er.

Det går uansett ut e-post før kvar einaste kurskveld om når og kor du skal møta opp, då me må dele oss opp i mindre grupper.

Pris for kurs er 4000 kroner, betales ved påmelding. 

Inkludert i kursavgifta er læreheftet «Mitt første år som birøkter», samt eitt års medlemskap i Norges Birøkterlag og Bergenske Birøkterlag. Du vil få tilsendt fagbladet Birøkteren ca. ein gong per månad.

Før kurset kan me anbefala å gå til innkjøp av boka: «Ingar’sis Birøkt – Lærebok i enkel og praktisk birøkt» av Roar Ree Kirkevold. Den kan bestillast på nettet, på Honningcentralen sine sider: http://www.honning.no

Du treng ikkje noko utstyr til dei to fyrste kveldane, men til fyrste kursdag i bigarden må ALLE ha kjøpt ein birøktardrakt med slør, og eit par handskar. Du vil få meir informasjon om dette 1. kurskveld.

PÅMELDING TIL KURSET – Fulltegnet for 2020

SKJER VIA DELTAGER.NO FØLG LINKEN:

https://www.deltager.no/nybegynnerkurs_i_birokt_2020#init

Kurset er nå fulltegnet, men det går an å sette seg på en interesseliste for å bli kontaktet neste gang Bergenske birøkterlag holder nybegynnerkurs. Send da en mail til Leila Frid email hidden; JavaScript is required

Kurset er støttet av Studieforbundet Natur og Miljø